Vedtekter Norsk Korglag
§ 1 Lagets namn
Lagets namn er: Norsk korglag
§ 2 Formål
Fremmje korgmakerfaget og tradisjonar med tilknytning til dette. Halde tradisjonar og handverket i hevd og arbeide for formidling og rekruttering.
Formålet skal oppnås gjennom følgjande aktivitetar:
- Arrangere bransjetreff og faglege seminar.
- Bidra til kursvirksomhet, føredrag og anna formidling for å auke allmenn kunnskap om faget.
- Arbeide med formidling og kunnskapsheving i skular og ung husflid for å auke kunnskap og vekke interesse på eit tidleg tidspunkt.
- Rekruttering til handverket.
- Arbeide for å anerkjenne kunnskap og tradisjonar som er tilknytta korgmaking og tradisjonshandverk.
- Å sikre vidareføring av kunnskap knytt til fletting, og binding og som har lege utanfor formelle system for opplæring. Dette gjeld produktkjeda frå stell av og uttak av material frå veksande planter, førebuing av materialen og ferdiggjering av produktet.
§ 3 Organisasjonsform
Laget er ein frittståande juridisk organisasjon med medlemmer, og er sjølveigande. At den er sjølveigande innebærer at ingen, korkje medlemmer eller andre, har krav på lagets formue eller eignelutar, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.
§ 4 Medlemmer
Medlemsskap er ope for alle med interesse for korgmaking og tradisjonshandverk knyttet til dette.
§ 5 Rettar og plikter knytt til medlemsskapet
Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøte, har røysterett og er valbare til tillitsverv i Laget. Medlem som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje røysterett eller andre rettar, og styret kan stryke desse som medlem av Laget.
Medlemmane pliktar å forhalde seg til vedtak som er fatta av årsmøtet.
§ 6 Årsmøte
Årsmøtet er lagets høgaste mynde. Årsmøtet er vedtaksført med det tal medlemmer med røysterett som møter, og alle medlem har éi røyst. Møteleiar velgjas av årsmøtet.
Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å være gyldig, være fatta med alminnelig flertall av de avgitte røystene. Ved likt tal røyster vert det avgjort ved loddtrekning.
Årsmøtet kallas inn av styret med minst ein månads varsel, direkte til medlemmane eller ved kunngjering i pressa. Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal være sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må være tilgjengelig for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmøtet kan ikkje handsame forslag som ikkje er oppført på sakslista, med mindre 3/4 av dei frammøtte krevjer det.
§ 7 Årsmøtets oppgaver
Årsmøtet skal
- handsame årsmelding
- handsame revidert regnskap
- handsame innkomne forslag
- fastsetje kontingent
- vedta budsjett
- velgje
- leiar
- styremedlem
- varamedlem
- økonomiansvarlig
Leiar vert valt for eitt år. To styremedlem vert valt for to år. Varamedlem vert valt for to år.
§ 8 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter blir halde når styret bestemmer det, eller minst 1/3 av medlemmane krevjer det.
Innkalling skjer på samme måte som for ordinære årsmøter, med minst 14 dagers varsel.
Ekstraordinært årsmøte kan bare handsame og fatte avgjerlse i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.
§ 9 Styret
Foreningen har et styre på 5 medlemmer. Styret er høgaste mynde mellom årsmøta. Styret skal halde møte når styreleder eller et flertall av styremedlemmane forlangar det.
Styret skal
- iverksetje årsmøtevedtak
- oppnevne eventuelle komitèar, utval eller personar som skal gjøre spesielle oppgåver, og utarbeide instruks for desse.
- administrere og føre naudsynt kontroll med lagets økonomi i henhold til gjeldende instruksar og bestemmelser.
- representere foreningen utad
Styret kan fatte vedtak når eit fleirtall av styrets medlem er til stades. Vedtak fattas med fleirtall av de avgitte røystene.
§ 10 Signaturrett
Styrets leiar og økonomiansvarleg har signaturrett kvar for seg.
§ 11 Vedtektsendring
Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vært på sakslista, og det krevjest 2/3 flertall av de avgitte røystene.
§ 12 Avvikling
Avvikling av laget kan bare handsamast på årsmøte, og krevjer 2/3 flertall.
Lagets formue skal etter avvikling og gjeldsavleggelse tilfalle det formål laget arbeider for å fremje, ved at nettoformuen blir gjeve til ein ideell organisasjon som årsmøte bestemmer.
Ingen medlemmer har krav på lagets midlar eller andel av desse.

